Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 17:8-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Amalekittane kom og gjekk til kamp mot israelittane i Refidim.

9. Då sa Moses til Josva: «Vel ut nokre menn for oss, ta i veg og kjemp mot amalekittane! I morgon skal eg stå på toppen av høgda med Guds stav i handa.»

10. Josva gjorde som Moses sa, og kjempa mot amalekittane, medan Moses, Aron og Hur gjekk opp på toppen av høgda.

11. Då gjekk det slik til at så lenge Moses heldt handa i vêret, hadde israelittane overtaket, men så snart han lét handa siga, fekk amalekittane overtaket.

12. Men då Moses trøytna i hendene, fann dei ein stein som han sette seg på. Så støtta Aron og Hur hendene hans, ein på kvar side. Då var hendene hans støe heilt til sola gjekk ned.

13. Josva slo amalekittane og hæren deira ned med sverd.

14. Sidan sa Herren til Moses: «Skriv dette ned i ein bokrull som eit minne, og les det opp for Josva. For eg vil utsletta alt minne om amalekittane under himmelen.»

15. Då bygde Moses eit altar og kalla det «Herren er mi fane».

16. Og han sa: «Handa på Herrens fane! Herren skal kjempa mot amalekittane frå slekt til slekt.»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 17