Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 16:5-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Når dei den sjette dagen lagar til det dei har henta, skal det vera dobbelt så mykje som det dei elles sankar kvar dag.»

6. Så sa Moses og Aron til alle israelittane: «I kveld skal de forstå at det var Herren som førte dykk ut frå Egypt.

7. Og i morgon tidleg skal de få sjå Herrens herlegdom, for han har høyrt korleis de klagar til han. Men kven er vel vi, sidan de klagar til oss?»

8. Moses heldt fram: «I kveld skal Herren gje dykk kjøt å eta og i morgon brød å metta dykk med. For Herren har høyrt korleis de har klaga til han. Men kven er vi? Det er ikkje over oss de klagar, men over Herren.»

9. Moses sa til Aron: «Sei til heile Israels forsamling: Kom fram for Herren, for han har høyrt korleis de murrar!»

10. Medan Aron tala til Israels forsamling, vende dei seg mot ørkenen. Og sjå, Herrens herlegdom synte seg i skyene.

11. Då tala Herren til Moses:

12. «Eg har høyrt korleis israelittane murrar. Sei til dei: Når det mørknar, skal de få kjøt å eta, og i morgon tidleg skal de få eta dykk mette på brød. De skal kjenna at eg er Herren dykkar Gud.»

13. I kveldinga kom det vaktlar og dekte leiren, og om morgonen låg det eit lag med dogg rundt leiren.

14. Då dogga var borte, låg det att eit fint, kornete lag over ørkenen; det var som fint rim på jorda.

15. Då israelittane såg det, sa dei til kvarandre: «Kva er det?» For dei visste ikkje kva det var. Og Moses sa til dei: «Det er det brødet Herren har gjeve dykk å eta.

16. Dette er det påbodet Herren har gjeve: Sank så mykje de kan eta av dette, ein omer per hovud. Alt etter kor mange de er, skal kvar henta til dei som bur i teltet.»

17. Det gjorde israelittane, somme sanka mykje, andre lite.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 16