Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 16:28-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

28. Då sa Herren til Moses: «Kor lenge vil de nekta å halda boda og lovene mine?

29. Merk dykk at Herren har gjeve dykk sabbaten! Difor gjev han dykk på den sjette dagen mat for to dagar. Bli der de er! Ingen må gå bort frå staden sin den sjuande dagen.»

30. Så heldt folket seg i ro den sjuande dagen.

31. Israelittane kalla det manna. Det likna korianderfrø. Det var kvitt og smaka som tynne kaker baka i honning.

32. Moses sa: «Dette er det påbodet Herren har gjeve dykk: Fyll ein omer med manna og ta vare på han til etterkomarane dykkar, så dei kan få sjå det brødet eg gav dykk å eta i ørkenen då eg førte dykk ut frå Egypt.»

33. Og Moses sa til Aron: «Ta ei krukke, fyll henne med ein omer manna og set henne ned for Herrens andlet! Ta vare på krukka for etterkomarane dykkar.»

34. Aron gjorde som Herren hadde pålagt Moses. Han sette krukka ned framfor vitnemålet. Der skulle ho stå.

35. Israelittane åt manna i førti år, til dei kom til land der det budde folk. Dei åt manna heilt til dei kom til grensa mot Kanaan.

36. Ein omer er ein tiandedel av ein efa.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 16