Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 16:13-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. I kveldinga kom det vaktlar og dekte leiren, og om morgonen låg det eit lag med dogg rundt leiren.

14. Då dogga var borte, låg det att eit fint, kornete lag over ørkenen; det var som fint rim på jorda.

15. Då israelittane såg det, sa dei til kvarandre: «Kva er det?» For dei visste ikkje kva det var. Og Moses sa til dei: «Det er det brødet Herren har gjeve dykk å eta.

16. Dette er det påbodet Herren har gjeve: Sank så mykje de kan eta av dette, ein omer per hovud. Alt etter kor mange de er, skal kvar henta til dei som bur i teltet.»

17. Det gjorde israelittane, somme sanka mykje, andre lite.

18. Då dei målte det i omer, hadde den som hadde sanka mykje, ikkje noko til overs, og den som hadde sanka lite, mangla ingen ting. Alle hadde sanka så mykje mat som dei trong.

19. Moses sa til dei: «Ingen må la det bli noko att til neste morgon.»

20. Men dei høyrde ikkje på Moses. Somme lét det vera att noko til neste morgon. Då gjekk det makk i det, og det stinka. Og Moses vart sint på dei.

21. Kvar morgon sanka kvar og ein så mykje mat som han trong. Når sola byrja å verma, smelta det.

22. Den sjette dagen sanka dei dobbelt så mykje brød, to omer til kvar. Og alle leiarane i forsamlinga kom og fortalde det til Moses.

23. Då sa han til dei: «Dette er det Herren har sagt. I morgon er det sabbatskvile, ein heilag sabbat for Herren. Bak no det som skal bakast, og kok det som skal kokast! Men alt det som blir til overs, skal de leggja bort til i morgon.»

24. Så la dei det bort til om morgonen, slik som Moses hadde pålagt dei. Då stinka det ikkje, og det gjekk ikkje makk i det.

25. Moses sa: «Et det i dag, for i dag er det sabbat for Herren. I dag finn de ikkje noko på marka.

26. Seks dagar skal de sanka. Men den sjuande dagen er det sabbat. Då er det ingen ting der.»

27. Den sjuande dagen var det likevel nokre som gjekk ut og ville sanka. Men dei fann ingen ting.

28. Då sa Herren til Moses: «Kor lenge vil de nekta å halda boda og lovene mine?

29. Merk dykk at Herren har gjeve dykk sabbaten! Difor gjev han dykk på den sjette dagen mat for to dagar. Bli der de er! Ingen må gå bort frå staden sin den sjuande dagen.»

30. Så heldt folket seg i ro den sjuande dagen.

31. Israelittane kalla det manna. Det likna korianderfrø. Det var kvitt og smaka som tynne kaker baka i honning.

32. Moses sa: «Dette er det påbodet Herren har gjeve dykk: Fyll ein omer med manna og ta vare på han til etterkomarane dykkar, så dei kan få sjå det brødet eg gav dykk å eta i ørkenen då eg førte dykk ut frå Egypt.»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 16