Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 16:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dei braut opp frå Elim, og heile Israels forsamling kom til Sin-ørkenen, som ligg mellom Elim og Sinai. Det var den femtande dagen i den andre månaden etter at dei hadde drege ut frå Egypt.

2. Heile forsamlinga klaga til Moses og Aron i ørkenen

3. og sa: «Om vi berre hadde fått døy for Herrens hand i Egypt då vi sat rundt kjøtgrytene og åt oss mette! Men no har de ført oss ut i denne ørkenen for at alle vi som er samla her, skal døy av svolt.»

4. Då sa Herren til Moses: «Sjå, eg vil la det regna brød ned til dykk frå himmelen. Kvar dag skal folket gå ut og sanka det dei treng. Slik vil eg setja dei på prøve og sjå om dei følgjer mi lov eller ikkje.

5. Når dei den sjette dagen lagar til det dei har henta, skal det vera dobbelt så mykje som det dei elles sankar kvar dag.»

6. Så sa Moses og Aron til alle israelittane: «I kveld skal de forstå at det var Herren som førte dykk ut frå Egypt.

7. Og i morgon tidleg skal de få sjå Herrens herlegdom, for han har høyrt korleis de klagar til han. Men kven er vel vi, sidan de klagar til oss?»

8. Moses heldt fram: «I kveld skal Herren gje dykk kjøt å eta og i morgon brød å metta dykk med. For Herren har høyrt korleis de har klaga til han. Men kven er vi? Det er ikkje over oss de klagar, men over Herren.»

9. Moses sa til Aron: «Sei til heile Israels forsamling: Kom fram for Herren, for han har høyrt korleis de murrar!»

10. Medan Aron tala til Israels forsamling, vende dei seg mot ørkenen. Og sjå, Herrens herlegdom synte seg i skyene.

11. Då tala Herren til Moses:

12. «Eg har høyrt korleis israelittane murrar. Sei til dei: Når det mørknar, skal de få kjøt å eta, og i morgon tidleg skal de få eta dykk mette på brød. De skal kjenna at eg er Herren dykkar Gud.»

13. I kveldinga kom det vaktlar og dekte leiren, og om morgonen låg det eit lag med dogg rundt leiren.

14. Då dogga var borte, låg det att eit fint, kornete lag over ørkenen; det var som fint rim på jorda.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 16