Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 15:6-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Herre, di høgre hand er herleg i makt,di høgre hand knuser fiendar, Herre.

7. I ditt velde slår du ned dei som reiser seg mot deg.Du slepper harmen din laus,han fortærer dei som strå.

8. Ved eit pust frå din nasetårna vatnet seg opp.Strøymande vatn stod som ein voll,djupa stivna i havsens hjarte.

9. Fienden sa:«Eg set etter og når dei att,deler bytte og stiller all mi lyst.Eg dreg sverdet og utryddar dei med mi hand.»

10. Du lét din pust blåsa,og havet gøymde dei.Dei sokk som bly i det veldige vatnet.

11. Kven er som du blant gudane, Herre?Kven er som du, herleg og heilag,skremmande i storverk,underfull i gjerning?

12. Du rette ut di høgre hand,då slukte jorda dei.

13. I kjærleik førte dudet folket som du fria ut.Du leidde dei med di krafttil din heilage bustad.

14. Folka høyrde det og skalv,angst greip dei som bur i Filistarland.

15. Då vart Edoms hovdingar forfærde,dei mektige i Moab skalv,alle som bur i Kanaan, mista motet.

16. Angst og redsle kjem over dei,ved din veldige arm blir dei som forsteina,medan folket ditt dreg framom, Herre,medan folket som du har vunne, dreg framom.

17. Du skal føra dei inn og planta deipå fjellet som er din eigedom,på staden du har gjort til din bustad, Herre,heilagdomen som dine henderhar grunnlagt, Herre.

18. Herren er konge til evig tid.

19. Då hestane til farao, med vogner og ryttarar, gjekk ut i havet, lét Herren vatnet venda attende over dei. Men israelittane gjekk tørrskodde gjennom havet.

20. Så tok syster til Aron, Mirjam, som var profet, ei tromme i handa, og alle kvinnene følgde etter henne, slo på tromme og dansa.

21. Mirjam song i vekselsong med dei:«Syng for Herren,for han er høgt opphøgd,Hest og ryttar kasta han i havet!»

22. Moses lét Israel bryta opp frå Sivsjøen, og dei kom til ørkenen Sjur. Dei gjekk tre dagar i ørkenen utan å finna vatn.

23. Så kom dei til Mara; men dei kunne ikkje drikka vatnet i Mara fordi det var beiskt. Difor vart staden kalla Mara.

24. Folket klaga til Moses og sa: «Kva skal vi drikka?»

25. Då ropa han til Herren, og Herren viste han eit tre. Det kasta han i vatnet, og vatnet vart friskt.I Mara fastsette han lov og rett for folket, og der sette han dei på prøve.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 15