Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 15:4-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Faraos vogner og heile hans hærkasta han i havet,dyktige krigarar drukna i Sivsjøen.

5. Havdjupa gøymde dei,dei sokk som stein i djupet.

6. Herre, di høgre hand er herleg i makt,di høgre hand knuser fiendar, Herre.

7. I ditt velde slår du ned dei som reiser seg mot deg.Du slepper harmen din laus,han fortærer dei som strå.

8. Ved eit pust frå din nasetårna vatnet seg opp.Strøymande vatn stod som ein voll,djupa stivna i havsens hjarte.

9. Fienden sa:«Eg set etter og når dei att,deler bytte og stiller all mi lyst.Eg dreg sverdet og utryddar dei med mi hand.»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 15