Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 15:17-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Du skal føra dei inn og planta deipå fjellet som er din eigedom,på staden du har gjort til din bustad, Herre,heilagdomen som dine henderhar grunnlagt, Herre.

18. Herren er konge til evig tid.

19. Då hestane til farao, med vogner og ryttarar, gjekk ut i havet, lét Herren vatnet venda attende over dei. Men israelittane gjekk tørrskodde gjennom havet.

20. Så tok syster til Aron, Mirjam, som var profet, ei tromme i handa, og alle kvinnene følgde etter henne, slo på tromme og dansa.

21. Mirjam song i vekselsong med dei:«Syng for Herren,for han er høgt opphøgd,Hest og ryttar kasta han i havet!»

22. Moses lét Israel bryta opp frå Sivsjøen, og dei kom til ørkenen Sjur. Dei gjekk tre dagar i ørkenen utan å finna vatn.

23. Så kom dei til Mara; men dei kunne ikkje drikka vatnet i Mara fordi det var beiskt. Difor vart staden kalla Mara.

24. Folket klaga til Moses og sa: «Kva skal vi drikka?»

25. Då ropa han til Herren, og Herren viste han eit tre. Det kasta han i vatnet, og vatnet vart friskt.I Mara fastsette han lov og rett for folket, og der sette han dei på prøve.

26. Han sa: «Om du fullt og heilt lyder røysta til Herren din Gud og gjer det som rett er i hans auge, lyttar til boda hans og held alle forskriftene hans, då skal eg ikkje leggja på deg alle dei sjukdomane eg la på egyptarane. For eg, Herren, er den som lækjer deg.»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 15