Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 15:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då song Moses og israelittane denne songen for Herren:Eg vil syngja for Herren,for han er høgt opphøgd;hest og ryttar kasta han i havet.

2. Herren er mi kraft og min styrke,han har vorte mi frelse.Han er min Gud, han vil eg prisa,min fars Gud, han vil eg opphøgja.

3. Herren er ein krigar, Herren er hans namn.

4. Faraos vogner og heile hans hærkasta han i havet,dyktige krigarar drukna i Sivsjøen.

5. Havdjupa gøymde dei,dei sokk som stein i djupet.

6. Herre, di høgre hand er herleg i makt,di høgre hand knuser fiendar, Herre.

7. I ditt velde slår du ned dei som reiser seg mot deg.Du slepper harmen din laus,han fortærer dei som strå.

8. Ved eit pust frå din nasetårna vatnet seg opp.Strøymande vatn stod som ein voll,djupa stivna i havsens hjarte.

9. Fienden sa:«Eg set etter og når dei att,deler bytte og stiller all mi lyst.Eg dreg sverdet og utryddar dei med mi hand.»

10. Du lét din pust blåsa,og havet gøymde dei.Dei sokk som bly i det veldige vatnet.

11. Kven er som du blant gudane, Herre?Kven er som du, herleg og heilag,skremmande i storverk,underfull i gjerning?

Les hele kapitlet 2. Mosebok 15