Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 14:7-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Han tok 600 av dei beste vognene og elles alt som fanst av vogner i Egypt, og offiserar til kvar av dei.

8. For Herren gjorde farao, kongen i Egypt, ubøyeleg i hjartet, så han sette etter israelittane. Men israelittane drog ut med lyft hand.

9. Egyptarane sette etter dei med alle vognene, hestane og ryttarane og heile hæren til farao. Dei nådde dei att ved Pi-Hahirot, der dei låg i leir ved havet, framfor Baal-Safon.

10. Då farao nærma seg, såg israelittane opp og fekk auge på egyptarane som kom etter dei. Dei vart gripne av stor redsle og ropa til Herren.

11. Dei sa til Moses: «Fanst det ikkje graver nok i Egypt sidan du har ført oss ut i ørkenen for å døy? Kvifor har du gjort dette mot oss? Kvifor førte du oss ut frå Egypt?

12. Var det ikkje det vi sa til deg i Egypt: Lat oss få vera i fred, vi vil arbeida for egyptarane! Det er betre for oss å arbeida for dei enn å døy i ørkenen.»

13. Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Stå fast, så skal de få sjå at Herren frelser dykk i dag! For slik de ser egyptarane i dag, skal de aldri meir sjå dei.

14. Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille.»

15. Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare!

16. Du skal lyfta staven din og retta handa ut over havet og kløyva det, så israelittane kan gå tørrskodde tvers igjennom havet.

17. Sjå, eg gjer hjartet til egyptarane ubøyeleg, så dei set etter dei. Eg skal visa min herlegdom på farao og heile hans hær, på vognene og ryttarane hans.

18. Egyptarane skal kjenna at eg er Herren når eg viser min herlegdom på farao og vognene og ryttarane hans.»

19. Guds engel, som hadde gått føre Israels leir, bytte no plass og gjekk etter folket. Skysøyla som var framfor dei, flytte seg og stilte seg bak dei,

20. så ho kom mellom leiren til egyptarane og leiren til israelittane. Og skya kom med mørker, men lyste likevel opp natta, så dei ikkje kom innpå kvarandre heile natta.

21. Då rette Moses handa ut over havet, og Herren dreiv havet bort med ein sterk austavind, som bles heile natta, så havet vart til tørt land. Vatnet vart kløyvd,

22. og israelittane gjekk tørrskodde tvers igjennom havet. Vatnet stod som ein mur til høgre og venstre for dei.

23. Egyptarane sette etter dei med alle hestane, vognene og ryttarane til farao, og følgde etter dei midt ut i havet.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 14