Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 14:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses:

2. «Sei til israelittane at dei skal snu om og slå leir framfor Pi-Hahirot, mellom Migdol og havet! Framfor Baal-Safon, midt imot byen, skal de slå leir ved havet.

3. Så kjem farao til å seia at israelittane har gått seg vill i landet, og at ørkenen har stengt dei inne.

4. Eg vil gjera hjartet til farao ubøyeleg, så han set etter dei. Då skal eg visa min herlegdom på farao og heile hans hær. Og egyptarane skal kjenna at eg er Herren.» Dette gjorde israelittane.

5. Då kongen i Egypt fekk melding om at folket hadde rømt, kom han og tenarane hans på andre tankar om folket. «Kva er det vi har gjort?» sa dei. «Vi lét israelittane dra frå slavearbeidet hos oss!»

6. Så lét han spenna for vogna si og tok hæren med seg.

7. Han tok 600 av dei beste vognene og elles alt som fanst av vogner i Egypt, og offiserar til kvar av dei.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 14