Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 12:42-51 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

42. Det var ei vakenatt for Herren då han førte dei ut frå Egypt. Denne natta er Herrens natt. Denne natta skal alle israelittar vaka i slekt etter slekt.

43. Herren sa til Moses og Aron: «Dette er forskrifta om påskelammet: Ingen framande skal eta av det.

44. Men kvar slave som er kjøpt for pengar, og som du har late omskjera, kan eta av det.

45. Ingen framand som bur eller arbeider hos deg, kan eta av det.

46. Lammet skal etast i eitt og same hus. Kjøtet må ikkje takast ut av huset, og beina må ikkje brytast på lammet.

47. Slik skal heile Israels forsamling gjera.

48. Dersom innflyttaren som bur hos deg, vil halda påske for Herren, skal alle mennene hos han omskjerast. Då kan han vera med og halda høgtid. Han skal vera som ein som er fødd i landet. Men ingen uomskoren kan eta av det.

49. Ei og same lov skal gjelda for den som er fødd i landet, og for innflyttaren som bur hos dykk.»

50. Dette gjorde alle israelittane. Dei gjorde alt som Herren hadde pålagt Moses og Aron.

51. Den same dagen førte Herren israelittane ut frå Egypt, hærskare etter hærskare.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 12