Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 12:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses og Aron i Egypt:

2. Denne månaden skal vera nyttårsmånaden dykkar. Han skal vera den første månaden i året.

3. Sei til heile Israels forsamling: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta eit lam, eitt til kvar huslyd.

4. Men dersom huslyden er for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og den næraste naboen ta eitt i lag, alt etter kor mange dei er. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle blir mette.

5. Lammet må vera eit årsgammalt vêrlam utan feil. De kan ta anten eit lam eller eit kje.

6. De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels forsamling slakta det i skumringa.

7. Så skal dei ta noko av blodet og stryka det på dei to dørstolpane og på bjelken over døra i dei husa der dei et det.

8. Og kjøtet skal dei eta same natta. Det skal vera steikt over elden, og dei skal eta det med usyra brød og bitre urter.

9. De må ikkje eta det rått eller kokt i vatn. Nei, det skal vera steikt over elden med hovud, føter og innvolar.

10. De må ikkje la noko bli att til morgonen etter. Er det noko att om morgonen, skal de brenna det opp.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 12