Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 11:4-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Moses sa: «Så seier Herren: Ved midnattstid vil eg gå gjennom Egypt.

5. Då skal alle førstefødde i Egypt døy, frå den førstefødde hos farao som sit på si trone, til den førstefødde hos slavekvinna som står bak kverna, og alle førstefødde dyr i buskapen.

6. I heile Egypt skal det lyda eit skrik så høgt at det aldri har vore maken til det før og heller ikkje skal bli det sidan.

7. Men ikkje ein hund skal knurra mot nokon av israelittane, korkje mot menneske eller dyr. Slik skal de forstå at Herren set eit skilje mellom egyptarane og israelittane.

8. Då skal alle desse mennene dine koma ned til meg og bøya seg for meg og seia: Dra ut, du og heile folket som følgjer deg! Og så skal eg dra ut.» Dermed gjekk han bort frå farao i brennande harme.

9. Herren sa til Moses: «Farao kjem ikkje til å høyra på dykk. Så kan eg få gjort mange under i Egypt.»

10. Moses og Aron gjorde alle desse undera for farao. Men Herren gjorde hjartet til farao ubøyeleg, og han lét ikkje israelittane dra ut frå landet.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 11