Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 11:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses: «Endå ei plage skal eg føra over farao og Egypt. Deretter skal han la dykk dra – ikkje berre la dykk dra, han skal jaga dykk ut herifrå.

2. Sei så folket høyrer det at kvar mann og kvar kvinne skal be naboen sin om ting av sølv og gull.»

3. Og Herren lét egyptarane sjå med velvilje på folket. Moses vart òg halden for ein svært stor mann i Egypt, både av tenarane til farao og av folket.

4. Moses sa: «Så seier Herren: Ved midnattstid vil eg gå gjennom Egypt.

5. Då skal alle førstefødde i Egypt døy, frå den førstefødde hos farao som sit på si trone, til den førstefødde hos slavekvinna som står bak kverna, og alle førstefødde dyr i buskapen.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 11