Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 10:14-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Grashoppene kom inn over heile Egypt, og dei slo seg ned overalt i landet. Så mange grashopper har det aldri før vore og kjem det aldri meir til å bli.

15. Dei dekte alt synleg land, så jorda vart heilt svart. Og dei åt opp alt som voks i landet, og all frukt som var att på trea etter haglvêret. Det vart ikkje noko grønt att, korkje på tre eller planter, i heile Egypt.

16. Då sende farao i all hast bod etter Moses og Aron. Han sa: «Eg har synda mot Herren dykkar Gud og mot dykk.

17. Men tilgjev meg no denne eine gongen. Gå i forbøn for meg hos Herren dykkar Gud så han kan ta denne døden bort frå meg!»

18. Og Moses gjekk bort frå farao og gjekk i forbøn hos Herren.

19. Då snudde Herren vinden, og han vart til ein sterk vestavind. Han førte grashoppene bort og kasta dei i Sivsjøen. Det vart ikkje ei einaste grashoppe att i heile Egypt.

20. Men Herren gjorde hjartet til farao ubøyeleg, og han lét ikkje israelittane dra.

21. Herren sa til Moses: «Rekk handa di opp mot himmelen, så skal det koma mørker over Egypt, eit mørker så tett at ein kan ta på det!»

22. Moses rekte handa opp mot himmelen. Då vart det stummande mørkt i heile Egypt i tre dagar.

23. I tre dagar kunne ingen sjå kvarandre og ingen reisa seg frå plassen sin. Men der israelittane budde, var det lyst.

24. Då sende farao bod etter Moses og sa: «Gå og ten Herren! Småfeet og storfeet må bli att, men borna kan gå med dykk.»

25. Moses svara: «Du skal sjølv gje oss slaktoffer og brennoffer så vi kan ofra til Herren vår Gud,

26. men buskapen vår skal òg vera med. Ikkje ei klauv skal vera att. For det er buskapen vi må ta av når vi skal tena Herren vår Gud. Og vi veit ikkje kva vi skal tena Herren med før vi kjem fram.»

27. Men Herren gjorde hjartet til farao ubøyeleg, og han ville ikkje la dei dra.

28. Farao sa til Moses: «Gå frå meg! Ta deg i akt, så du aldri kjem framfor andletet mitt meir! For den dagen du gjer det, skal du døy!»

29. Moses svara: «Det er rett som du seier; eg skal aldri sjå andletet ditt meir.»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 10