Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 10:13-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Moses rekte staven sin ut over Egypt, og Herren dreiv ein austavind inn over landet heile den dagen og heile natta. Då det vart morgon, hadde austavinden ført med seg grashoppene.

14. Grashoppene kom inn over heile Egypt, og dei slo seg ned overalt i landet. Så mange grashopper har det aldri før vore og kjem det aldri meir til å bli.

15. Dei dekte alt synleg land, så jorda vart heilt svart. Og dei åt opp alt som voks i landet, og all frukt som var att på trea etter haglvêret. Det vart ikkje noko grønt att, korkje på tre eller planter, i heile Egypt.

16. Då sende farao i all hast bod etter Moses og Aron. Han sa: «Eg har synda mot Herren dykkar Gud og mot dykk.

17. Men tilgjev meg no denne eine gongen. Gå i forbøn for meg hos Herren dykkar Gud så han kan ta denne døden bort frå meg!»

18. Og Moses gjekk bort frå farao og gjekk i forbøn hos Herren.

19. Då snudde Herren vinden, og han vart til ein sterk vestavind. Han førte grashoppene bort og kasta dei i Sivsjøen. Det vart ikkje ei einaste grashoppe att i heile Egypt.

20. Men Herren gjorde hjartet til farao ubøyeleg, og han lét ikkje israelittane dra.

21. Herren sa til Moses: «Rekk handa di opp mot himmelen, så skal det koma mørker over Egypt, eit mørker så tett at ein kan ta på det!»

22. Moses rekte handa opp mot himmelen. Då vart det stummande mørkt i heile Egypt i tre dagar.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 10