Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 10:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses: «Gå til farao! Det er eg som har gjort hjarta harde, både i han og i tenarane hans, for at eg skal gjera desse teikna mellom dei,

2. og for at du skal fortelja born og barneborn korleis eg viste makta mi i Egypt, og kva for teikn eg gjorde mellom dei. Då skal de kjenna at eg er Herren.»

3. Moses og Aron gjekk til farao og sa til han: «Så seier Herren, som er Gud for hebrearane: Kor lenge vil du nekta å bøya deg for meg? Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg!

4. For nektar du å la folket mitt dra, skal eg i morgon senda grashopper inn over landet ditt.

5. Dei skal dekkja alt synleg land, så ein ikkje lenger kan sjå jorda. Dei skal eta opp den resten som er att, det de har att etter haglet, og dei skal eta snautt kvart eit tre som veks på marka.

6. Dei skal fylla både husa dine og husa til tenarane dine og alle hus i Egypt. Noko slikt har korkje fedrane eller forfedrane dine sett frå den dagen dei kom til verda og til denne dag.» Så snudde han seg og gjekk bort frå farao.

7. Då sa tenarane til farao: «Kor lenge skal denne mannen vera ei snare for oss? Lat mennene dra, slik at dei kan tena Herren sin Gud! Forstår du enno ikkje at Egypt går til grunne?»

8. Då vart Moses og Aron henta tilbake til farao, og han sa til dei: «Gå og ten Herren dykkar Gud! Men kven skal eigentleg gå?»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 10