Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 10:1-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses: «Gå til farao! Det er eg som har gjort hjarta harde, både i han og i tenarane hans, for at eg skal gjera desse teikna mellom dei,

2. og for at du skal fortelja born og barneborn korleis eg viste makta mi i Egypt, og kva for teikn eg gjorde mellom dei. Då skal de kjenna at eg er Herren.»

3. Moses og Aron gjekk til farao og sa til han: «Så seier Herren, som er Gud for hebrearane: Kor lenge vil du nekta å bøya deg for meg? Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg!

4. For nektar du å la folket mitt dra, skal eg i morgon senda grashopper inn over landet ditt.

5. Dei skal dekkja alt synleg land, så ein ikkje lenger kan sjå jorda. Dei skal eta opp den resten som er att, det de har att etter haglet, og dei skal eta snautt kvart eit tre som veks på marka.

6. Dei skal fylla både husa dine og husa til tenarane dine og alle hus i Egypt. Noko slikt har korkje fedrane eller forfedrane dine sett frå den dagen dei kom til verda og til denne dag.» Så snudde han seg og gjekk bort frå farao.

7. Då sa tenarane til farao: «Kor lenge skal denne mannen vera ei snare for oss? Lat mennene dra, slik at dei kan tena Herren sin Gud! Forstår du enno ikkje at Egypt går til grunne?»

8. Då vart Moses og Aron henta tilbake til farao, og han sa til dei: «Gå og ten Herren dykkar Gud! Men kven skal eigentleg gå?»

9. «Vi skal gå både unge og gamle», svara Moses. «Vi går med sønene og døtrene våre, og med småfeet og storfeet vårt, for vi skal halda høgtid for Herren.»

10. Men han sa til dei: «Herren skulle nok vera med dykk dersom eg lét dykk og småborna dykkar dra! Der ser de, de har vonde planar.

11. Nei, slik blir det ikkje! Mennene kan dra av stad og tena Herren, for det bad de om.» Dermed vart dei jaga bort frå farao.

12. Då sa Herren til Moses: «Rekk handa di ut over Egypt, så skal grashoppene koma over landet og eta opp alt som veks der, alt det som haglet lét stå att.»

13. Moses rekte staven sin ut over Egypt, og Herren dreiv ein austavind inn over landet heile den dagen og heile natta. Då det vart morgon, hadde austavinden ført med seg grashoppene.

14. Grashoppene kom inn over heile Egypt, og dei slo seg ned overalt i landet. Så mange grashopper har det aldri før vore og kjem det aldri meir til å bli.

15. Dei dekte alt synleg land, så jorda vart heilt svart. Og dei åt opp alt som voks i landet, og all frukt som var att på trea etter haglvêret. Det vart ikkje noko grønt att, korkje på tre eller planter, i heile Egypt.

16. Då sende farao i all hast bod etter Moses og Aron. Han sa: «Eg har synda mot Herren dykkar Gud og mot dykk.

17. Men tilgjev meg no denne eine gongen. Gå i forbøn for meg hos Herren dykkar Gud så han kan ta denne døden bort frå meg!»

18. Og Moses gjekk bort frå farao og gjekk i forbøn hos Herren.

19. Då snudde Herren vinden, og han vart til ein sterk vestavind. Han førte grashoppene bort og kasta dei i Sivsjøen. Det vart ikkje ei einaste grashoppe att i heile Egypt.

20. Men Herren gjorde hjartet til farao ubøyeleg, og han lét ikkje israelittane dra.

21. Herren sa til Moses: «Rekk handa di opp mot himmelen, så skal det koma mørker over Egypt, eit mørker så tett at ein kan ta på det!»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 10