Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 1:1-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette er namna på Israels søner som kom til Egypt; dei kom saman med Jakob, kvar med sin huslyd:

2. Ruben, Simon, Levi og Juda,

3. Jissakar, Sebulon og Benjamin,

4. Dan og Naftali, Gad og Asjer.

5. Dei var i alt sytti personar, dei som stamma frå Jakob. Josef var alt i Egypt.

6. Så døydde Josef og alle brørne hans og heile dette slektsleddet.

7. Men israelittane var fruktbare, dei auka, vart mange og svært talrike. Landet vart fullt av dei.

8. Det stod fram ein ny konge i Egypt, ein som ikkje visste om Josef.

9. Han sa til folket sitt: «Sjå, Israelsfolket har vorte for stort og talrikt for oss.

10. Kom, lat oss gå klokt til verks mot dei, så dei ikkje blir endå fleire! For blir det krig, slår dei seg kanskje saman med fiendane våre, strider mot oss og dreg frå landet.»

11. Difor sette dei oppsynsmenn til å plaga israelittane med tvangsarbeid. Dei måtte byggja to forrådsbyar for farao, Pitom og Ramses.

12. Men di meir dei vart plaga, di fleire vart dei, og di meir breidde dei seg utover. Og egyptarane vart redde israelittane.

13. Dei tvinga israelittane til slavearbeid

14. og gjorde livet bittert for dei. Dei påla dei hardt arbeid med leire og teglstein og allslags arbeid ute på marka. Alt dette slavearbeidet vart israelittane tvinga til å gjera.

15. Kongen i Egypt sa til jordmødrene åt hebrearane – den eine heitte Sjifra og den andre Pua:

16. «Når de hjelper hebrearkvinnene til å føda, skal de sjå etter i fødestolen. Er det ein gut, skal de drepa han; er det ei jente, skal ho få leva.»

17. Men jordmødrene frykta Gud og gjorde ikkje som egyptarkongen hadde sagt dei. Dei lét gutane leva.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 1