Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 9:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då dronninga av Saba fekk høyra om Salomo, kom ho og ville prøva han med gåter. Ho kom til Jerusalem med eit stort følgje og med kamelar som bar balsamoljar, mengder av gull og edelsteinar. Ho steig fram for Salomo og tala med han om alt som låg henne på hjartet.

2. Og Salomo gav henne svar på alt det ho spurde om. Det fanst ikkje noko som var løynt for kongen så han ikkje kunne gje henne svar.

3. Då dronninga av Saba fekk sjå visdomen til Salomo, huset han hadde bygd,

4. rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, munnskjenkane og kleda deira, og prosesjonen når han gjekk opp til Herrens hus, mista ho heilt pusten.

5. Ho sa til kongen: «Så var det då sant, det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din!

6. Eg trudde ikkje det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne auge. Men no ser eg at dei ikkje eingong har fortalt meg halvparten om den store visdomen din. Du overgår alt eg har høyrt.

7. Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane, som alltid får stå hos deg og høyra visdomen din!

8. Velsigna vere Herren din Gud, som hadde slik godvilje for deg at han sette deg på sin kongsstol som konge for Herren din Gud. Fordi din Gud har Israel kjært og vil halda folket oppe til evig tid, har han sett deg til konge over dei, så du skal fremja rett og rettferd.»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 9