Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 8:2-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. bygde han opp att dei byane som Hiram hadde gjeve han, og lét israelittar busetja seg der.

3. Så drog Salomo til Hamat-Soba og tok byen.

4. Han bygde opp att Tadmor i ørkenen og alle byane med lagerhus som han hadde bygd i Hamat.

5. Like eins bygde han opp att Øvre Bet-Horon og Nedre Bet-Horon til festningsbyar med murar, portar og bommar,

6. og Baalat og alle byane der Salomo hadde lagerhus, og alle dei byane der han hadde vognene og hestane sine. Han bygde òg alt han ønskte seg både i Jerusalem og i Libanon, i heile det riket han rådde over.

7. Framleis var det att i landet hetittar, amorittar, perisittar, hevittar og jebusittar, folk som ikkje høyrde Israel til.

8. Salomo la pliktarbeid på etterkomarane av desse folka, så mange som endå var att i landet fordi israelittane ikkje hadde gjort ende på dei. Slik har det vore til denne dag.

9. Men han sette ingen av israelittane til å gjera slavearbeid; dei var krigarar, offiserar, vognkommandantar og ryttarar.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 8