Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 8:12-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Så ofra Salomo brennoffer til Herren på Herrens altar som han hadde bygd framfor forhallen.

13. Kvar dag ofra han så mykje som Moses hadde påbode, på sabbatsdagane og nymånedagane og på dei tre høgtidene i året: høgtida med usyra brød, vekefesten og lauvhyttefesten.

14. Etter den forskrifta som David, far hans, hadde gjeve, fastsette han skiftordninga for prestane i tenesta deira, og tenesta for levittane og for dørvaktarane ved dei ulike portane, skift for skift. Tenesta for levittane var å syngja lovsongar og hjelpa prestane i tenesta etter som det trongst for kvar dag. For dette hadde David, gudsmannen, påbode.

15. Dei veik ikkje av frå det som kongen hadde bode når det gjaldt prestane og levittane, korkje om skattkammera eller noko anna.

16. No var heile Salomos verk fullført, frå den dagen grunnvollen til Herrens hus vart lagd, til det stod ferdig. Herrens hus var fullført.

17. Sidan drog Salomo til Esjon-Geber og til Eilat, som ligg ved kysten i Edom-landet.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 8