Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 7:9-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Den åttande dagen heldt dei ei høgtidssamling. For dei hadde feira vigslinga av altaret i sju dagar, og høgtida hadde dei feira i sju dagar.

10. På den tjuetredje dagen i den sjuande månaden lét kongen folket fara heim att. Dei var lukkelege og glade for det gode Herren hadde gjort mot David og Salomo og mot Israel, folket sitt.

11. No hadde Salomo fullført både Herrens hus og kongeborga. Alt det han hadde sett seg føre å gjera med Herrens hus og sitt eige hus, hadde lukkast for han.

12. Då synte Herren seg for han om natta og sa til han: Eg har høyrt bøna di, og eg har valt ut denne staden til offertempel for meg.

13. No kan det henda at eg stengjer himmelen så det ikkje kjem regn, og byd grashoppene eta opp landet eller sender pest mellom folket mitt.

14. Dersom då dette folket som namnet mitt er nemnt over, audmjukar seg og bed, søkjer meg og vender seg bort frå sine vonde vegar, skal eg høyra dei frå himmelen, tilgje syndene deira og lækja landet.

15. No vil eg halda auga opne og øyra vende mot kvar bøn som stig opp frå denne staden.

16. Eg har valt ut dette huset og helga det så namnet mitt skal vera der til evig tid. Auga mine og hjartet mitt skal alltid vera vende mot det.

17. Og du, så sant du ferdast for mitt andlet som David, far din, gjorde, og så sant du gjer alt det eg har sagt deg, og held forskriftene og lovene mine,

18. då skal eg tryggja din kongsstol, etter den pakta eg gjorde med David, far din, då eg sa: «Det skal aldri mangla ein mann av di ætt til å råda over Israel.»

19. Men vender de dykk bort og forlèt dei forskriftene og boda som eg har gjeve dykk, så de tek til å dyrka andre gudar og tilbe dei,

20. då skal eg rykkja dykk opp av det landet eg har gjeve dykk. Og dette huset som eg har helga til namnet mitt, vil eg kasta bort frå mitt andlet. Eg gjer det til eit ordtak og eit spottord mellom alle folk.

21. Om dette huset er aldri så ruvande, skal alle som fer framom, bli forfærde og spotta og spørja: «Kvifor har Herren gjort slik med dette landet og dette huset?»

22. Og då skal folk svara: «Det er fordi dei forlét Herren, deira fedrars Gud, han som førte dei ut frå Egypt, og heldt seg til andre gudar, som dei tilbad og dyrka. Difor har han ført all denne ulukka over dei.»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 7