Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 7:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då Salomo hadde enda bøna si, fór det eld ned frå himmelen. Elden åt opp brennofferet og slaktoffera, og Herrens herlegdom fylte huset.

2. Prestane kunne ikkje gå inn i Herrens hus. For Herrens hus var fylt av Herrens herlegdom.

3. Då alle israelittane såg elden og Herrens herlegdom koma ned over huset, fall dei på kne på steinhellene med andletet mot jorda og tilbad og lova Herren: «For han er god, evig varer hans miskunn.»

4. Så ofra kongen og heile folket slaktoffer til Herren.

5. Det offeret som kong Salomo då bar fram, var 22 000 oksar og 120 000 sauer. Slik vigsla kongen og heile folket Guds hus.

6. Prestane stod klare til teneste, levittane stod med Herrens musikkinstrument i hendene, dei som kong David hadde laga for å lovprisa Herren med orda: «Evig varer hans miskunn.» Med dei lovsong David Herren. Midt imot levittane bles prestane i trompetar, medan alle israelittane stod.

7. Så helga Salomo den midtre delen av føregarden framfor Herrens hus. Der bar han fram brennoffera og feittstykka frå fredsofferet. For bronsealtaret som Salomo hadde laga, kunne ikkje rømma både brennofferet, grødeofferet og feittstykka.

8. I sju dagar feira Salomo høgtida den gongen, og heile Israel med han. Det var ei stor forsamling som var komen saman heilt frå Lebo-Hamat til Egyptarbekken.

9. Den åttande dagen heldt dei ei høgtidssamling. For dei hadde feira vigslinga av altaret i sju dagar, og høgtida hadde dei feira i sju dagar.

10. På den tjuetredje dagen i den sjuande månaden lét kongen folket fara heim att. Dei var lukkelege og glade for det gode Herren hadde gjort mot David og Salomo og mot Israel, folket sitt.

11. No hadde Salomo fullført både Herrens hus og kongeborga. Alt det han hadde sett seg føre å gjera med Herrens hus og sitt eige hus, hadde lukkast for han.

12. Då synte Herren seg for han om natta og sa til han: Eg har høyrt bøna di, og eg har valt ut denne staden til offertempel for meg.

13. No kan det henda at eg stengjer himmelen så det ikkje kjem regn, og byd grashoppene eta opp landet eller sender pest mellom folket mitt.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 7