Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 6:18-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Men bur Gud verkeleg på jorda hos menneska? Sjå, himmelen og himlars himmel kan ikkje rømma deg, langt mindre dette huset som eg har bygd!

19. Vend deg mot bøna til tenaren din og ropet hans om nåde, Herre, min Gud! Høyr ropet frå tenaren din og den bøna han bed for ditt andlet!

20. Hald auga dine opne over dette huset dag og natt. Vak over den staden der du har lova at namnet ditt skal bu. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden!

21. Ja, høyr den bøna om nåde som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, vende mot denne staden! Høyr dei frå himmelen der du bur, høyr og tilgjev!

22. Når ein mann skader nesten sin og det blir kravd at han skal gjera eid, og han så kjem og sver framfor altaret ditt i dette huset,

23. då må du høyra det i himmelen, gripa inn og skifta rett mellom tenarane dine. Gjev den urettferdige att, lat framferda hans koma att på han sjølv! Frikjenn den rettferdige og lat han få løn for si rettferd!

24. Når Israel, folket ditt, blir slege av fienden fordi dei har synda mot deg, men så vender om og prisar namnet ditt, bed og ropar til deg om nåde i dette huset,

25. då må du høyra det frå himmelen og tilgje Israel, folket ditt, synda deira. Før dei tilbake til det landet du gav dei og fedrane deira.

26. Når himmelen er stengd så det ikkje kjem regn fordi dei har synda mot deg, men dei så bed til deg, vende mot denne staden, prisar namnet ditt og vender om frå synda si fordi du har audmjuka dei,

27. då må du høyra det i himmelen og tilgje tenaren din og Israel, folket ditt, synda deira. For du lærer dei den gode vegen dei skal gå. Send då regn over landet ditt, landet du har gjeve folket ditt som eigedom.

28. Når det blir hunger og naud i landet, når det kjem pest, når det kjem kornsot og svartrust, grashopper og larvar, når fiendar kringset byane i landet – same kva slag plage og sjukdom det er –

29. og så ein eller annan eller heile folket ditt, Israel, ber fram bøner og rop om nåde fordi kvar og ein kjenner si plage og si smerte, og breier ut hendene sine mot dette huset,

30. då må du høyra det i himmelen der du tronar. Tilgjev og gjev kvar og ein att etter framferda hans, du som kjenner hjartet hans. For du er den einaste som kjenner hjartet i mennesket!

31. Så skal dei frykta deg og gå på dine vegar alle dei dagane dei lever i landet du gav fedrane våre.

32. Det kan òg henda at framande som ikkje høyrer Israel, folket ditt, til, kjem frå eit land langt borte på grunn av ditt store namn, di sterke hand og din strake arm. Når dei så kjem og ber fram bønene sine, vende mot dette huset,

33. då må du høyra dei frå himmelen der du tronar, og gjera alt det dei ropar til deg om! Slik skal alle folk på jorda læra namnet ditt å kjenna, og dei skal frykta deg liksom ditt eige folk, Israel, og vita at namnet ditt er nemnt over dette huset som eg har bygd.

34. Når folket ditt dreg ut i krig mot fienden, kvar du så sender dei, og dei bed til deg, vende mot den byen som du har valt deg ut, og mot det huset som eg har bygd for namnet ditt,

35. då må du frå himmelen høyra bønene deira og ropa om nåde og hjelpa dei til deira rett.

36. Når folket syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – så blir du harm på dei og gjev dei i fiendens hand, som fører dei i fangenskap til eit anna land, anten det no er langt borte eller nær.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 6