Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 6:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då sa Salomo: Herren har sagtat han vil bu i ei mørk sky.

2. Men no har eg bygd deg ein staseleg bustad,ein stad der du kan bu i all tid.

3. Så snudde kongen seg og velsigna heile Israels forsamling medan dei stod.

4. Han sa: Velsigna er Herren, Israels Gud, som med sine hender har fullført det han med sin munn lova David, far min, då han sa:

5. «Frå den dagen eg førte Israel, folket mitt, ut frå Egypt, har eg ikkje valt ut nokon by i alle Israel-stammane for at det skulle byggjast eit hus der til bustad for namnet mitt. Eg valde heller ikkje ut nokon til å vera fyrste over Israel, folket mitt.

6. Men så valde eg ut Jerusalem til bustad for namnet mitt, og eg valde David til å råda over Israel, folket mitt.»

7. David, far min, hadde i tankar å byggja eit hus for namnet til Herren, Israels Gud.

8. Men Herren sa til David, far min: «Då du hadde i tankar å byggja eit hus for namnet mitt, var tanken god.

9. Likevel, det er ikkje du som skal byggja huset, men son din, som er av ditt eige kjøt og blod. Han skal byggja huset for namnet mitt.»

10. No har Herren halde det ordet han tala. Eg har følgt etter David, far min, og teke sete på Israels kongsstol, slik Herren har sagt, og eg har bygd huset for namnet til Herren, Israels Gud.

11. Der har eg sett paktkista som inneheld den pakta Herren gjorde med israelittane.

12. Så stod Salomo fram for Herrens altar midt framfor heile Israels forsamling og breidde hendene ut.

13. Han hadde laga ei plattform av bronse og sett henne midt i tempelgarden. Ho var fem alner lang, fem alner brei og tre alner høg. På den stod han no. Så fall han på kne framfor heile Israels forsamling, breidde hendene ut mot himmelen

14. og sa: Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje i himmelen eller på jorda. Du held pakta og viser truskap mot tenarane dine når dei ferdast heilhjarta for ditt andlet.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 6