Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 5:6-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Kong Salomo stod framfor kista saman med heile Israels forsamling, som hadde samla seg hos han. Dei ofra småfe og storfe i slik mengd at ingen kunne telja eller rekna dei.

7. Så bar prestane Herrens paktkiste og sette henne der ho skulle stå, i det inste tempelrommet, i Det høgheilage, under vengene på kjerubane.

8. Kjerubane breidde vengene ut over staden der kista stod, så dei dekte både kista og berestengene ovanfrå.

9. Stengene var så lange at ein kunne sjå endane av dei frå Det heilage framfor Det høgheilage, men ikkje utanfrå. Der har ho vore til denne dag.

10. I kista fanst det ikkje anna enn dei to tavlene som Moses hadde lagt ned der ved Horeb, den gongen Herren gjorde pakt med israelittane då dei drog ut frå Egypt.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 5