Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 4:5-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Det var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten på eit beger, forma som ei lilje. Det tok tre tusen bat.

6. Så laga han ti fat og sette fem på høgre og fem på venstre sida. Dei skulle nyttast til vasking. Det som høyrde brennoffera til, vart skylt i dei. Men prestane skulle vaska seg i havet.

7. Han laga òg ti lysestakar av gull etter forskriftene for dei og sette dei i tempelet, fem på høgre og fem på venstre sida.

8. Han laga ti bord som han stilte opp i tempelet, fem på høgre og fem på venstre sida. Han laga òg hundre offerskåler av gull.

9. Så bygde han føregarden for prestar og den store føregarden med dører til. Dørene kledde han med bronse.

10. Havet sette han på høgre sida, mot søraust.

11. Hiram laga grytene, eldskuffene og offerskålene. Med dette hadde Hiram fullført det handverksarbeidet han skulle gjera for kong Salomo i Guds hus:

12. to søyler; to skåler på søylehovuda øvst på søylene; to slyngornament til å dekkja dei to skålene;

13. dei fire hundre granatepla til dei to slyngornamenta – to rader med granateple til kvart ornament, til å dekkja dei to skålene på søylehovuda øvst på søylene.

14. Han laga vognstativa og fata til kvart av dei,

15. havet – det var berre eitt – og dei tolv oksane under det,

16. grytene, eldskuffene og gaflane. Alt dette utstyret som meisteren Hiram laga for kong Salomo til Herrens hus, var av polert bronse.

17. Det var på Jordan-sletta kongen fekk dei støypte, i den tjukke leirjorda mellom Sukkot og Sereda.

18. Salomo laga alt dette utstyret i slike mengder at det ikkje lét seg seia kor mykje bronsen vog.

19. Salomo fekk òg laga alt det andre som skulle vera i Guds hus: gullaltaret og borda som skodebrøda skulle liggja på,

20. lysestakane med lamper som skulle kveikjast etter forskriftene – dei stod framfor Det høgheilage og var av reint gull –

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 4