Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 4:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Salomo laga eit bronsealtar. Det var tjue alner langt, tjue alner breitt og ti alner høgt.

2. Så laga han havet av støypt metall. Det var sirkelforma og målte ti alner frå kant til kant. Høgda var fem alner, og omkrinsen var tretti alner målt med målesnor.

3. Nedanfor kanten var det bilete av oksar heile vegen rundt. Dei omkransa heile havet, ti på kvar alen. Det var to rader med oksar, støypte i eitt med havet.

4. Havet stod på tolv oksar. Tre snudde mot nord, tre mot vest, tre mot sør og tre mot aust, og dei stod alle med bakkroppen innover. Havet kvilte på dei.

5. Det var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten på eit beger, forma som ei lilje. Det tok tre tusen bat.

6. Så laga han ti fat og sette fem på høgre og fem på venstre sida. Dei skulle nyttast til vasking. Det som høyrde brennoffera til, vart skylt i dei. Men prestane skulle vaska seg i havet.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 4