Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 36:6-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Kong Nebukadnesar av Babel drog opp mot han. Han batt han med bronselenkjer for å føra han til Babel.

7. Nebukadnesar tok òg med seg tempelutstyr frå Herrens hus til Babel og sette det i tempelet sitt der.

8. Det som elles er å seia om Jojakim, om det avskyelege han gjorde, og som han vart funnen skuldig i, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane. Jojakin, son hans, vart konge etter han.

9. Jojakin var åtte år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader og ti dagar. Han gjorde det som vondt var i Herrens auge.

10. Ved årsskiftet sende kong Nebukadnesar bod og lét han henta til Babel, saman med kostesame ting frå Herrens hus. Så gjorde han Sidkia, bror til Jojakin, til konge i Juda og Jerusalem.

11. Sidkia var tjueein år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år.

12. Han gjorde det som vondt var i Herren hans Guds auge. Og han audmjuka seg ikkje for Jeremia, profeten som tala ord frå Herrens munn.

13. Sidkia gjorde jamvel opprør mot kong Nebukadnesar, som hadde late han sverja seg truskap ved Gud. Han var stivnakka og hardhjarta og ville ikkje venda om til Herren, Israels Gud.

14. Leiarane for prestane og folket vart òg meir og meir trulause, og dei tok etter alle avskyelege skikkar hos folkeslaga. Dei gjorde Herrens hus ureint, det som han hadde helga i Jerusalem.

15. Herren, deira fedrars Gud, sende bod til dei seint og tidleg gjennom bodberarane sine, for han ville skåna folket sitt og bustaden sin.

16. Men dei hånte Guds sendebod, spotta orda hans og heldt profetane hans for narr, heilt til Herrens harme mot folket sitt vart så stor at det ikkje meir fanst råd.

17. Då lét han kaldearkongen dra opp mot dei. Han drap dei unge mennene deira med sverd i heilagdomen og sparte korkje gutar eller jenter, gamle eller skrale. Alt vart gjeve over i kongens hender.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 36