Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 36:21-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Såleis vart Herrens ord gjennom Jeremia oppfylt. Landet fekk kvila til dess det hadde teke att sabbatsåra sine, så lenge det låg audt, til sytti år var gått.

22. I det første året Kyros var konge i Persia, vekte Herren ein tanke i han for at det ordet som Herren hadde tala gjennom Jeremia, skulle bli oppfylt. Persarkongen Kyros sende då ut ei kunngjering i heile sitt rike, både munnleg og skriftleg:

23. «Så seier Kyros, kongen av Persia: Herren, himmelens Gud, har gjeve meg alle kongerike på jorda, og han har pålagt meg å byggja eit hus for han i Jerusalem i Juda. Kven av dykk høyrer til hans folk? Må Herren hans Gud vera med han. Lat han fara opp!»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 36