Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 36:13-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Sidkia gjorde jamvel opprør mot kong Nebukadnesar, som hadde late han sverja seg truskap ved Gud. Han var stivnakka og hardhjarta og ville ikkje venda om til Herren, Israels Gud.

14. Leiarane for prestane og folket vart òg meir og meir trulause, og dei tok etter alle avskyelege skikkar hos folkeslaga. Dei gjorde Herrens hus ureint, det som han hadde helga i Jerusalem.

15. Herren, deira fedrars Gud, sende bod til dei seint og tidleg gjennom bodberarane sine, for han ville skåna folket sitt og bustaden sin.

16. Men dei hånte Guds sendebod, spotta orda hans og heldt profetane hans for narr, heilt til Herrens harme mot folket sitt vart så stor at det ikkje meir fanst råd.

17. Då lét han kaldearkongen dra opp mot dei. Han drap dei unge mennene deira med sverd i heilagdomen og sparte korkje gutar eller jenter, gamle eller skrale. Alt vart gjeve over i kongens hender.

18. Alt utstyret i Guds hus, både stort og smått, og skattane i Herrens hus og skattane til kongen og stormennene hans – alt tok han med seg til Babel.

19. Så brende dei Guds hus og reiv ned muren kring Jerusalem. Alle borgene i byen sette dei i brann, og dei øydela alle kostesame ting.

20. Dei som slapp unna sverdet, førte han i eksil til Babel. Der vart dei slavar for han og sønene hans heilt til persarane fekk makta.

21. Såleis vart Herrens ord gjennom Jeremia oppfylt. Landet fekk kvila til dess det hadde teke att sabbatsåra sine, så lenge det låg audt, til sytti år var gått.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 36