Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 36:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Folket i landet tok Joahas, son til Josjia, og gjorde han til konge i Jerusalem etter faren.

2. Joahas var tjuetre år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader.

3. Men kongen i Egypt avsette han i Jerusalem, og av landet kravde han ei bot på hundre talentar sølv og ein talent gull.

4. Så sette Neko, kongen i Egypt, Eljakim, bror hans, til konge over Juda og Jerusalem og endra namnet hans til Jojakim. Joahas, bror hans, tok Neko med seg til Egypt.

5. Jojakim var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Han gjorde det som vondt var i Herren hans Guds auge.

6. Kong Nebukadnesar av Babel drog opp mot han. Han batt han med bronselenkjer for å føra han til Babel.

7. Nebukadnesar tok òg med seg tempelutstyr frå Herrens hus til Babel og sette det i tempelet sitt der.

8. Det som elles er å seia om Jojakim, om det avskyelege han gjorde, og som han vart funnen skuldig i, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane. Jojakin, son hans, vart konge etter han.

9. Jojakin var åtte år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader og ti dagar. Han gjorde det som vondt var i Herrens auge.

10. Ved årsskiftet sende kong Nebukadnesar bod og lét han henta til Babel, saman med kostesame ting frå Herrens hus. Så gjorde han Sidkia, bror til Jojakin, til konge i Juda og Jerusalem.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 36