Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 35:23-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Bogeskyttarane skaut på kong Josjia. Då sa kongen til mennene sine: «Før meg bort! Eg er hardt såra.»

24. Då fekk mennene han ut av stridsvogna og over i den andre vogna hans. Dei køyrde han til Jerusalem, og der døydde han. Han vart gravlagd på gravplassen til fedrane sine, og heile Juda og Jerusalem sørgde over Josjia.

25. Jeremia stemde i ei likklage over Josjia, og sidan har alle songarane og songarinnene sunge om Josjia i likklagene sine. Det vart ein fast skikk i Israel, og dei finst oppskrivne mellom likklagene.

26. Det som elles er å seia om Josjia og den trufaste kjærleiken han viste, i samsvar med det som står skrive i Herrens lov,

27. alt som er å seia om han frå først til sist, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 35