Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 35:22-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Men Josjia trekte seg ikkje tilbake. Han kledde seg ut og ville kjempa imot han. Han høyrde ikkje på Nekos ord, som kom frå Guds munn, men drog ut til kamp på Megiddo-sletta.

23. Bogeskyttarane skaut på kong Josjia. Då sa kongen til mennene sine: «Før meg bort! Eg er hardt såra.»

24. Då fekk mennene han ut av stridsvogna og over i den andre vogna hans. Dei køyrde han til Jerusalem, og der døydde han. Han vart gravlagd på gravplassen til fedrane sine, og heile Juda og Jerusalem sørgde over Josjia.

25. Jeremia stemde i ei likklage over Josjia, og sidan har alle songarane og songarinnene sunge om Josjia i likklagene sine. Det vart ein fast skikk i Israel, og dei finst oppskrivne mellom likklagene.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 35