Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 35:18-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Ei slik påske hadde ikkje vore halden i Israel sidan dagane til profeten Samuel. Ingen av Israels kongar hadde halde ei slik påskehelg som den Josjia feira saman med prestane og levittane, alle judearane og dei israelittane som var til stades, og dei som budde i Jerusalem.

19. Det var først i det attande styringsåret til Josjia at ei slik påske vart feira.

20. Ei tid etter at alt dette hadde hendt og Josjia hadde sett tempelet i stand, drog Neko, kongen i Egypt, opp til strid ved Karkemisj ved Eufrat. Og Josjia drog ut imot han.

21. Då sende Neko bod til han og sa: «Kva har eg med deg å gjera, Juda-konge? Det er ikkje mot deg eg dreg ut i dag, men mot det kongehuset som eg ligg i strid med. Og Gud har sagt at eg skal skunda meg. Slutt med å setja deg opp mot Gud, som er med meg! Elles kjem han til å gjera ende på deg.»

22. Men Josjia trekte seg ikkje tilbake. Han kledde seg ut og ville kjempa imot han. Han høyrde ikkje på Nekos ord, som kom frå Guds munn, men drog ut til kamp på Megiddo-sletta.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 35