Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 35:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så heldt Josjia påske for Herren i Jerusalem. Dei slakta påskelammet den fjortande dagen i den første månaden.

2. Kongen sette prestane til dei oppgåvene dei skulle ha, og sette mot i dei til tenesta i Herrens hus.

3. Og til levittane, som underviste heile Israel og var helga til Herren, sa han: «Set den heilage paktkista i det tempelet som Israels-kongen Salomo, son til David, har bygd. De skal ikkje bera henne på akslene lenger. No skal de tena Herren dykkar Gud og Israel, folket hans.

4. Gjer dykk ferdige, familie for familie og skift for skift, slik som David, Israels konge, og Salomo, son hans, har føreskrive.

5. Still dykk opp i heilagdomen etter den inndelinga i familiar som gjeld brørne dykkar av folket, og etter den familieinndelinga som gjeld for levittane.

6. Så skal de slakta påskelammet. De skal helga dykk og gjera alt i stand for brørne dykkar, så det blir gjort slik Herren har sagt gjennom Moses.»

7. Josjia gav folket lam og kje frå småfeet, tretti tusen i talet, alt saman til påskeoffer for alle som var til stades, og like eins tre tusen oksar. Alt dette kom frå kongens eigen eigedom.

8. Stormennene òg kom med frivillige gåver til folket og prestane og levittane. Hilkia, Sakarja og Jehiel, som hadde hovudansvaret for Guds hus, gav prestane to tusen seks hundre påskelam og tre hundre oksar.

9. Og dei som var leiarar for levittane, Konanja, Sjemaja og Netanel, brørne hans, Hasjabja, Je'iel og Josabad, gav fem tusen påskelam og fem hundre oksar til levittane.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 35