Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 35:1-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så heldt Josjia påske for Herren i Jerusalem. Dei slakta påskelammet den fjortande dagen i den første månaden.

2. Kongen sette prestane til dei oppgåvene dei skulle ha, og sette mot i dei til tenesta i Herrens hus.

3. Og til levittane, som underviste heile Israel og var helga til Herren, sa han: «Set den heilage paktkista i det tempelet som Israels-kongen Salomo, son til David, har bygd. De skal ikkje bera henne på akslene lenger. No skal de tena Herren dykkar Gud og Israel, folket hans.

4. Gjer dykk ferdige, familie for familie og skift for skift, slik som David, Israels konge, og Salomo, son hans, har føreskrive.

5. Still dykk opp i heilagdomen etter den inndelinga i familiar som gjeld brørne dykkar av folket, og etter den familieinndelinga som gjeld for levittane.

6. Så skal de slakta påskelammet. De skal helga dykk og gjera alt i stand for brørne dykkar, så det blir gjort slik Herren har sagt gjennom Moses.»

7. Josjia gav folket lam og kje frå småfeet, tretti tusen i talet, alt saman til påskeoffer for alle som var til stades, og like eins tre tusen oksar. Alt dette kom frå kongens eigen eigedom.

8. Stormennene òg kom med frivillige gåver til folket og prestane og levittane. Hilkia, Sakarja og Jehiel, som hadde hovudansvaret for Guds hus, gav prestane to tusen seks hundre påskelam og tre hundre oksar.

9. Og dei som var leiarar for levittane, Konanja, Sjemaja og Netanel, brørne hans, Hasjabja, Je'iel og Josabad, gav fem tusen påskelam og fem hundre oksar til levittane.

10. Slik vart tenesta ordna. Prestane stilte seg på plassane sine, og levittane stilte seg opp skift for skift, slik kongen hadde påbode.

11. Påskelamma vart slakta, og prestane tok blodet og stenka det, medan levittane flådde dyra.

12. Det som skulle brukast til brennofferet, la dei til sides for å gje det til folket slik det var inndelt i familiar. Dei skulle ofra det til Herren slik det står skrive i Moseboka. Med oksane skulle dei gjera like eins.

13. Påskelammet steikte dei over elden slik det var føreskrive, og dei andre heilage gåvene kokte dei i gryter, kjelar og panner. Så skunda dei seg og bar det ut til heile folket.

14. Sidan laga dei i stand til seg sjølve og til prestane. For prestane, Aron-sønene, heldt på med å bera fram brennoffer og feitt heilt til det vart natt. Difor laga levittane i stand til seg sjølve og til prestane, Aron-sønene.

15. Songarane, Asaf-sønene, stod på plassane sine slik som David, Asaf, Heman og Jedutun, sjåaren til kongen, hadde fastsett, medan portvaktene stod ved kvar sin port. Ingen av dei trong gå frå tenesta si, for brørne deira, levittane, laga i stand til dei.

16. Slik vart heile tenesta for Herren ordna den dagen så dei kunne halda påske og bera fram brennoffer på Herrens altar, slik kong Josjia hadde påbode.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 35