Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 34:6-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Også i byane i Manasse, Efraim og Simon, ja, heilt til Naftali, la han alt i ruinar på alle kantar.

7. Då han hadde rive ned altara og Asjera-pålane, knust dei utskorne bileta til støv og hogge ned alle røykjelsesaltara i heile Israel, vende han heim att til Jerusalem.

8. I det attande styringsåret til kong Josjia, då han hadde reinsa landet og tempelet, sende han Sjafan, son til Asalja, saman med byhovdingen Maaseja og kanslaren Joah, son til Joahas, av stad for å setja i stand huset til Herren hans Gud.

9. Då dei kom til Hilkia, øvstepresten, gav dei han dei pengane som var komne inn til Guds hus. Det var dei pengane som levittane, dørvaktarane, hadde samla inn frå Manasse og Efraim og frå heile resten av Israel, frå heile Juda og Benjamin og frå dei som budde i Jerusalem.

10. Dei gav pengane til arbeidsleiarane som hadde tilsyn med Herrens hus. Og dei gav dei vidare til handverkarane som arbeidde i Herrens hus med å undersøkja og reparera skadane der.

11. Dei gav òg pengar til tømrarane og bygningsmennene så dei kunne kjøpa inn hoggen stein og tømmer til tverrbjelkar. Dei skulle tømra opp att dei bygningane som Juda-kongane hadde late forfalla.

12. Mennene arbeidde trufast. Levittane Jahat og Obadja av Merari-sønene og Sakarja og Mesjullam av Kehat-sønene hadde tilsynet med dei og leiinga av arbeidet. Dei levittane som var musikarar,

13. hadde tilsyn med berarane og leidde alle dei som gjorde arbeid av ymse slag. Andre levittar var skrivarar, arbeidsformenn og dørvaktarar.

14. Medan dei heldt på med å ta fram pengane som var innkomne til Herrens hus, fann presten Hilkia ein bokrull med Herrens lov som var gjeven ved Moses.

15. Då tok Hilkia til orde og sa til riksskrivaren Sjafan: «Eg har funne ein bokrull med lova i Herrens hus.» Og han gav rullen til Sjafan.

16. Sjafan tok bokrullen med seg til kongen, og samstundes melde han: «Tenarane dine gjer alt det som er pålagt dei.

17. Sølvet som fanst i Herrens hus, har dei smelta om og gjeve til tilsynsmennene og arbeidsleiarane.»

18. Så fortalde han kongen: «Presten Hilkia har gjeve meg ein bokrull.» Og han las opp frå rullen for kongen.

19. Då Josjia høyrde det som stod i lova, reiv han sund kleda sine.

20. Så gav han dette bodet til Hilkia og til Ahikam, son til Sjafan, Abdon, son til Mika, riksskrivaren Sjafan og kongsmannen Asaja:

21. «Gå og søk råd hos Herren for meg og for dei som er att i Israel og Juda, om det som står i denne bokrullen som er funnen. For stor er Herrens harme som blir aust ut over oss fordi fedrane våre ikkje følgde Herrens bod og ikkje gjorde alt det som er skrive i denne bokrullen.»

22. Då gjekk Hilkia og kongsmennene til profetkvinna Hulda, som var gift med Sjallum, son til Tokhat, son til Hasra, han som hadde tilsyn med kleskammeret. Hulda budde i den nye bydelen i Jerusalem. Dei la saka fram for henne om dette,

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 34