Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 34:17-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Sølvet som fanst i Herrens hus, har dei smelta om og gjeve til tilsynsmennene og arbeidsleiarane.»

18. Så fortalde han kongen: «Presten Hilkia har gjeve meg ein bokrull.» Og han las opp frå rullen for kongen.

19. Då Josjia høyrde det som stod i lova, reiv han sund kleda sine.

20. Så gav han dette bodet til Hilkia og til Ahikam, son til Sjafan, Abdon, son til Mika, riksskrivaren Sjafan og kongsmannen Asaja:

21. «Gå og søk råd hos Herren for meg og for dei som er att i Israel og Juda, om det som står i denne bokrullen som er funnen. For stor er Herrens harme som blir aust ut over oss fordi fedrane våre ikkje følgde Herrens bod og ikkje gjorde alt det som er skrive i denne bokrullen.»

22. Då gjekk Hilkia og kongsmennene til profetkvinna Hulda, som var gift med Sjallum, son til Tokhat, son til Hasra, han som hadde tilsyn med kleskammeret. Hulda budde i den nye bydelen i Jerusalem. Dei la saka fram for henne om dette,

23. og ho sa til dei:«Så seier Herren, Israels Gud: Sei til den mannen som har sendt dykk til meg:

24. Så seier Herren: Sjå, eg fører ulukke over denne staden og dei som bur der, alle dei forbanningane som er skrivne i denne bokrullen de har lese opp for Juda-kongen.

25. For dei har gått ifrå meg og tent offereld for andre gudar. Slik har dei gjort meg rasande med framferda si. Harmen min er aust ut over denne staden, og han skal ikkje slokna.

26. Men til Juda-kongen som sende dykk for å søkja råd hos Herren, skal de seia: Så seier Herren, Israels Gud: Du har no høyrt desse orda.

27. Dei rørte ved hjartet ditt, og du audmjuka deg for Guds andlet då du høyrde orda hans mot denne staden og mot dei som bur der. Fordi du audmjuka deg for meg og reiv sund kleda dine og gret for mitt andlet, har eg òg høyrt, seier Herren.

28. Sjå, eg vil la deg koma til fedrane dine. I fred skal du sameinast med dei i grava. Auga dine skal sleppa å sjå all den ulukka eg fører over denne staden og over dei som bur der.»Med dette svaret kom dei heim att til kongen.

29. Då sende kongen bod og kalla saman alle dei eldste i Juda og Jerusalem.

30. Sidan gjekk han opp til Herrens hus, og alle judearane og dei som budde i Jerusalem – prestane og levittane, heile folket, både gamle og unge – følgde han. Han las opp for dei alt det som stod skrive i paktboka som var funnen i Herrens hus.

31. Kongen stilte seg opp på plassen sin og gjorde ei pakt for Herrens andlet: Folket skulle følgja Herren og halda hans bod, reglar og forskrifter av heile sitt hjarte og heile si sjel. Alle dei paktorda som var skrivne i denne bokrullen, skulle dei halda.

32. Så lét han alle som var til stades i Jerusalem og Benjamin, gå med i pakta. Og dei som budde i Jerusalem, levde etter den pakta dei hadde gjort med Gud, sine fedrars Gud.

33. Josjia tok bort alt som var avskyeleg, frå alle landområda som høyrde israelittane til, og han sytte for at alle som fanst i Israel, dyrka Herren sin Gud. Så lenge han levde, vende dei seg ikkje bort frå Herren, sine fedrars Gud.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 34