Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 34:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Josjia var åtte år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i trettiein år.

2. Josjia gjorde det som rett var i Herrens auge. Han følgde dei same vegane som David, stamfar sin, og bøygde ikkje av, korkje til høgre eller venstre.

3. I det åttande styringsåret sitt, då han endå var ung, tok han til å søkja Gud til David, stamfar sin. Og i det tolvte året tok han til å reinsa Juda og Jerusalem for offerhaugar og Asjera-pålar og for utskorne og støypte gudebilete.

4. Medan han såg på, reiv dei ned altara for Baal-gudane, og røykjelsesaltara som stod oppå dei, hogg han sund. Asjera-pålane og dei utskorne og støypte bileta knuste han til støv, som han strødde på gravene til folk som hadde ofra til dei.

5. Knoklane til prestane brende han på deira eigne altar. Slik reinsa han Juda og Jerusalem.

6. Også i byane i Manasse, Efraim og Simon, ja, heilt til Naftali, la han alt i ruinar på alle kantar.

7. Då han hadde rive ned altara og Asjera-pålane, knust dei utskorne bileta til støv og hogge ned alle røykjelsesaltara i heile Israel, vende han heim att til Jerusalem.

8. I det attande styringsåret til kong Josjia, då han hadde reinsa landet og tempelet, sende han Sjafan, son til Asalja, saman med byhovdingen Maaseja og kanslaren Joah, son til Joahas, av stad for å setja i stand huset til Herren hans Gud.

9. Då dei kom til Hilkia, øvstepresten, gav dei han dei pengane som var komne inn til Guds hus. Det var dei pengane som levittane, dørvaktarane, hadde samla inn frå Manasse og Efraim og frå heile resten av Israel, frå heile Juda og Benjamin og frå dei som budde i Jerusalem.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 34