Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 33:16-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Så sette han i stand Herrens altar, og der bar han fram fredsoffer og takkoffer. Og han sa til judearane at dei skulle tena Herren, Israels Gud.

17. Folket heldt likevel fram med å ofra på haugane, men berre til Herren sin Gud.

18. Det som elles er å seia om Manasse og bøna hans til sin Gud og dei orda sjåarane tala til han i namnet til Herren, Israels Gud, det finst i krønikeboka til Israels-kongane.

19. Om bøna hans og korleis han vart bønhøyrd, om all synda og truløysa hans, og om dei stadene der han bygde offerhaugar og reiste Asjera-pålar og gudebilete før han audmjuka seg, alt dette står skrive i krønikeboka til sjåarane hans.

20. Manasse gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd på slottsområdet, og Amon, son hans, vart konge etter han.

21. Amon var tjueto år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år.

22. Amon gjorde det som vondt var i Herrens auge, slik Manasse, far hans, hadde gjort. Amon ofra til alle dei gudebileta som Manasse, far hans, hadde laga, og dyrka dei.

23. Men han audmjuka seg ikkje for Herren slik Manasse, far hans, hadde gjort. Denne Amon drog på seg endå meir skuld.

24. Mennene hans svor seg saman mot han, og dei drap han i hans eige hus.

25. Men folket i landet slo i hel alle som hadde svore seg saman mot kong Amon, og så tok dei Josjia, son hans, til konge etter han.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 33