Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 33:14-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Etter dette bygde han ein ytre mur om Davidsbyen, vestafor Gihon, i dalen, fram til Fiskeporten og rundt Ofel, og han gjorde muren svært høg. Så sette han befalingsmenn i alle festningsbyane i Juda.

15. Han tok bort frå Herrens hus dei framande gudane og gudebiletet. Like eins gjorde han med alle dei altara han hadde bygd på Herrens tempelberg og i Jerusalem. Han kasta dei utanfor byen.

16. Så sette han i stand Herrens altar, og der bar han fram fredsoffer og takkoffer. Og han sa til judearane at dei skulle tena Herren, Israels Gud.

17. Folket heldt likevel fram med å ofra på haugane, men berre til Herren sin Gud.

18. Det som elles er å seia om Manasse og bøna hans til sin Gud og dei orda sjåarane tala til han i namnet til Herren, Israels Gud, det finst i krønikeboka til Israels-kongane.

19. Om bøna hans og korleis han vart bønhøyrd, om all synda og truløysa hans, og om dei stadene der han bygde offerhaugar og reiste Asjera-pålar og gudebilete før han audmjuka seg, alt dette står skrive i krønikeboka til sjåarane hans.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 33