Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 33:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Manasse var tolv år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtifem år.

2. Manasse gjorde det som vondt var i Herrens auge, og tok etter alle avskyelege skikkar hos dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.

3. Han bygde opp att offerhaugane som Hiskia, far hans, hadde rive ned, reiste altar for Baal-gudane og laga Asjera-pålar, og han tilbad og dyrka heile himmelhæren.

4. Sjølv i Herrens hus bygde han slike altar, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem skal namnet mitt vera til evig tid.»

5. I begge føregardane til tempelet bygde han altar for heile himmelhæren.

6. Manasse lét sønene sine gå gjennom elden i Hinnom-dalen. Han dreiv med teikntyding, spådomskunster og trolldom, og han søkte råd hos åndemanarar og spåmenn. Manasse gjorde mykje som var vondt i Herrens auge, og gjorde han rasande.

7. Gudebiletet som Manasse fekk laga, sette han opp i Guds hus, sjølv om Gud hadde sagt til David og Salomo, son hans: «I dette tempelet og i Jerusalem, som eg har valt ut mellom alle Israel-stammane, vil eg la namnet mitt bu til evig tid.

8. Og eg vil aldri meir la Israel vandra langt bort frå det landet som eg ville at fedrane deira skulle ha, så sant dei legg vinn på å gjera alt det eg har sagt dei, og lever etter heile den lova og alle dei forskrifter og bod som dei har fått gjennom Moses.»

9. Men Manasse førte dei vill, dei som budde i Juda og Jerusalem, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rydda ut for israelittane.

10. Då tala Herren til Manasse og folket hans, men dei ville ikkje lyda etter.

11. Difor lét Herren hærførarane til assyrarkongen koma mot dei. Dei fanga Manasse med krokar, batt han med bronselenkjer og førte han til Babel.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 33