Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 32:16-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Dette og mykje meir tala mennene hans mot Herren Gud og mot Hiskia, tenaren hans.

17. Sanherib skreiv òg brev for å håna Herren, Israels Gud, og han spotta han slik: «Likså lite som gudane til folkeslaga rundt om i landa har berga folka sine frå mi hand, likså lite skal guden til Hiskia kunna berga sitt folk.»

18. Så ropa dei med høg røyst på judeisk til folket i Jerusalem som stod på muren. Dei ville setja skrekk i dei og skremma dei, så dei kunne ta byen.

19. Dei tala om Jerusalems Gud på same vis som om gudane hos andre folk på jorda, dei som er laga av menneskehand.

20. Kong Hiskia og profeten Jesaja, son til Amos, bad og ropa til himmelen.

21. Og Herren sende ein engel som gjorde ende på alle tapre krigarar, hovdingar og stormenn i leiren til assyrarkongen, så han med skam laut fara heim att til landet sitt. Og då han gjekk inn i huset til guden sin, kom nokre av hans eigne etterkomarar og hogg han ned med sverd.

22. Slik frelste Herren Hiskia og dei som budde i Jerusalem, frå Sanherib, kongen av Assur, og frå alle andre fiendar, og gav dei ro på alle kantar.

23. Det var mange som kom til Jerusalem med gåver til Herren og med verdfulle ting til Hiskia, Juda-kongen. Han var høgt æra hos alle folkeslag etter dette.

24. På den tid vart Hiskia dødssjuk. Då bad han til Herren, og han svara han og gjorde eit under.

25. Men Hiskia var ikkje takksam for den velgjerninga som han hadde røynt; hjartet hans vart hovmodig. Då kom det vreide over han og over Juda og Jerusalem.

26. Men Hiskia audmjuka seg, endå så hovmodig han var, og det same gjorde dei som budde i Jerusalem. Difor kom ikkje Herrens vreide over dei så lenge Hiskia levde.

27. Hiskia skaffa seg stor rikdom og ære. Han laga seg skattkammer for sølv og gull og dyre steinar, balsamolje, skjold og allslags kostesame ting.

28. Han bygde lagerhus til avlinga av korn, ny vin og fin olje og fjøs til bufe av alle slag, og han la seg til buskap på båsen.

29. Han bygde byar og fekk seg småfe og storfe i mengd, for Gud hadde gjeve han stor rikdom.

30. Det var Hiskia som tetta att det øvre utløpet av Gihon-kjelda og leidde vatnet nedover mot vest til Davidsbyen. I alt han tok seg føre, hadde Hiskia lukka med seg.

31. Slik var det òg den gongen det kom sendemenn frå stormennene i Babel. Dei var sende til han for å spørja om det underet som hadde hendt i landet den gongen Gud forlét han for å setja han på prøve og finna ut kva som budde i hjartet hans.

32. Det som elles er å seia om Hiskia og truskapen hans, det står skrive i syna til profeten Jesaja, son til Amos, og i boka om Juda- og Israels-kongane.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 32