Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 32:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Etter at Hiskia trufast hadde utført alt dette, rykte Sanherib, kongen av Assur, inn i Juda. Han kringsette festningsbyane der og sa at han ville ta dei med makt.

2. Då Hiskia fekk sjå at Sanherib var komen og ville gå til krig mot Jerusalem,

3. samrådde han seg med stormennene og krigsheltane sine om å tetta for vatnet i kjeldene utanfor byen, og dei støtta han i det.

4. Det samla seg då mykje folk, og dei tetta att alle kjeldene og elva som renn gjennom landet. Dei sa: «Kvifor skulle kongen av Assur koma og finna rikeleg med vatn?»

5. Kongen styrkte makta si. Han bygde opp att heile den delen av muren som var nedriven, og reiste tårn på han. Han førte opp ein ny mur utanfor den gamle, og han gjorde Millo i Davidsbyen sterkare. Han fekk laga ei mengd med våpen og skjold.

6. Så sette han hærførarar over folket, samla dei hos seg på plassen framfor byporten og tala oppmuntrande til dei:

7. «Ver modige og sterke! Ver ikkje redde og lat dykk ikkje skremma av assyrarkongen og heile den hæren han har med seg. For den som er med oss, er større enn den som er med han.

8. Berre menneskeleg styrke er med han, men Herren vår Gud er med oss. Han skal hjelpa oss og føra våre krigar.» Og folket vart styrkt av orda til Hiskia, Juda-kongen.

9. Etter dette sende Sanherib, kongen av Assur, som låg ved Lakisj med heile stridsmakta si, nokre av mennene sine til Jerusalem, til Hiskia, Juda-kongen, og alle judearane som var i Jerusalem. Dei skulle seia:

10. «Så seier Sanherib, kongen av Assur: Kva er det de set dykkar lit til, sidan de blir verande når Jerusalem er kringsett?

11. Hiskia villeier dykk, og han vil la dykk døy av svolt og tørste når han seier: ‘Herren vår Gud skal berga oss frå handa til kongen av Assur.’

12. Har ikkje denne Hiskia teke bort hans offerhaugar og altar og sagt til folket i Juda og Jerusalem: ‘Berre framfor eitt altar skal de bøya dykk og tilbe, og berre på det skal de tenna offereld’?

13. Veit de ikkje kva eg og fedrane mine har gjort med folka i alle andre land? Kunne gudane til desse folkeslaga berga landa sine frå mi hand?

14. Kven av alle gudane til desse folkeslaga som fedrane mine slo med bann og utrydda, har kunna berga folket sitt frå mi hand? Og så skulle guden dykkar kunna berga dykk!

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 32