Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 31:9-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Hiskia spurde seg for hos prestane og levittane om desse haugane.

10. Øvstepresten Asarja, som var av Sadoks hus, svara han: «Heilt frå det tok til å koma offergåver til Herrens hus, har vi ete oss mette og endå hatt rikeleg til overs. For Herren har velsigna folket sitt. Difor har vi alt dette att.»

11. Då sa Hiskia at dei skulle gjera i stand rom i Herrens hus, og dei så gjorde.

12. Folket kom då trufast med offergåvene, tienda og dei heilage gåvene. Levitten Konanja hadde hovudansvaret for gåvene, og Sjimi, bror hans, var nest etter han.

13. Under Konanja og Sjimi, bror hans, stod andre tilsynsmenn: Jehiel, Asasja, Nahat, Asael, Jerimot, Josabad, Eliel, Jismakja, Mahat og Benaja. Dei var utpeika av kong Hiskia og Asarja, som hadde hovudansvaret for Guds hus.

14. Kore, son til levitten Jimna, som heldt vakt ved Austporten, hadde ansvaret for dei frivillige gåvene til Gud. Han skulle dela ut Herrens offergåver og dei høgheilage gåvene.

15. Under han stod Eden, Minjamin, Jesjua, Sjemaja, Amarja og Sjekanja, som hjelpte han trufast i alle prestebyane. Dei skulle dela ut gåvene til brørne sine, både store og små, i skift for skift,

16. til alle menn og gutar som var tre år eller meir, anten dei var oppskrivne i slektsregistra eller ikkje, alle som dag etter dag kom til Herrens hus og gjorde tenesta si og tok vaktene sine, skift for skift.

17. Prestane var oppskrivne i slektsregisteret etter familiane sine, og levittane som var tjue år eller meir, etter vaktene sine, skift for skift.

18. Alle var oppskrivne med heile familien sin, med koner, søner og døtrer, for dei skulle helga seg med truskap.

19. For dei av Aron-sønene, prestane, som budde på markene kring byane sine, var det i kvar by utpeika nokre menn, nemnde med namn, som skulle dela ut det som fall på alle menn og gutar av presteslekt og på alle som var oppskrivne i registeret over levittane.

20. Såleis gjorde Hiskia i heile Juda; han gjorde det som var godt, rett og sant for Herren sin Gud.

21. I alt han tok seg føre, anten det gjaldt tenesta i Guds hus eller lova og boda, søkte han Gud av heile sitt hjarte, og det lukkast for han.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 31