Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 31:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då dei var ferdige med alt dette, drog alle dei israelittane som var der, av stad til byane i Juda. Dei slo sund steinstøttene, hogg ned Asjera-pålane og reiv ned offerhaugane og altara i heile Juda og Benjamin, i Efraim og Manasse, til det ikkje var noko att av dei. Så vende alle israelittane heim att til byane sine, kvar til sin eigedom.

2. Hiskia fastsette på nytt skiftordninga for prestane og levittane. Kvar prest og levitt fekk si særskilde teneste. Dei skulle bera fram brennoffer og fredsoffer, gjera teneste og syngja takke- og lovsongar ved portane til Herrens leir.

3. Kongen gav ein del av det han eigde, til brennoffera som skulle berast fram morgon og kveld, på sabbatane, nymånedagane og høgtidene, som skrive står i Herrens lov.

4. Han sa òg at folket som budde i Jerusalem, skulle gje prestane og levittane den delen dei skulle ha, så dei kunne halda fast ved Herrens lov.

5. Då dette påbodet vart kjent, kom israelittane med førstegrøde i stor mengd, av korn og ny vin, fin olje og honning og av alt det dei elles dyrka på marka. Dei kom òg med rikeleg tiend av alt.

6. Dei israelittane og judearane som budde i Juda-byane, gav òg tiend av storfe og småfe, og dei kom med heilage gåver som var vigsla til Herren deira Gud. Dei bar dei fram og la dei i haug etter haug.

7. I den tredje månaden tok dei til å leggja opp haugane, og i den sjuande månaden var dei ferdige.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 31