Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 30:8-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Ver no ikkje stivnakka som fedrane dykkar! Gjev Herren handa og kom til heilagdomen hans, som han har helga for alle tider. Ten Herren dykkar Gud, så den brennande vreiden hans kan venda seg frå dykk.

9. For om de vender om til Herren, skal brørne og borna dykkar møta miskunn hos dei som held dei fanga, så dei får koma tilbake til dette landet. For Herren dykkar Gud er nådig og miskunnsam. Han vender ikkje sitt andlet bort frå dykk, så sant de vender om til han.»

10. Ilboda drog frå by til by gjennom Efraims og Manasses land og heilt til Sebulon. Men folk berre lo av dei og hånte dei.

11. Likevel var det somme frå Asjer, Manasse og Sebulon som audmjuka seg og kom til Jerusalem.

12. I Juda òg var Guds hand verksam, så folket heilhjarta gjorde det som kongen og stormennene hadde påbode etter Herrens ord.

13. Det samla seg mykje folk i Jerusalem for å feira høgtida med usyra brød i den andre månaden. Det vart ei svært stor forsamling.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 30